Personlige verktøy
« Februar 2012 »
Februar
MaTiOnToFr
12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829
 

Om spelet

Ole BullOle Bull - Fossegrimen på Valestrand

  

Det er sommaren 1870 på Valestrand. Den 60 år gamle Ole Bull får vita at han har gjort nittenårige Sara Thorp gravid. Tida er inne for å ta eit oppgjer med seg sjølv; med fortid, notid og framtid.

 

Frå dette utgangspunktet blir vi i spelet tekne med inn i Ole Bull sitt magiske univers. Vi møter kvinner frå ulike stadium i livet hans, kunstnarar, kulturpersonar og andre som kjem til å få mykje å seia for mennesket, fiolinisten og nasjonsbyggaren Ole Bull.

 

Fossegrimen, Ole Bull si tvillingsjel har og ei sentralrolle i spelet. Han får Ole Bull til å spela vilt og samstundes guddommeleg  både på fiolinen og på andre strenger.

 

Oppsetjinga Ole Bull - Fossegrimen på Valestrand  vert realisert no i 2010 som ein direkte følgje av at det i år er 200 år sidan denne første norske verdskjende superstjerna vart fødd.

Det er engasjert profesjonelle folk til å ta seg av både manus, regi og scenografi.

 

Orkesteret er sett saman av meir enn 30 profesjonelle og amatørmusikarar. Her får ein høyra både styrkarar og rockegitarist. Det er funne fram til musikk frå kjeldematerialet som sjeldan eller aldri har blitt framført etter Ole Bull si tid.

 

Til hovudrollene i spelet nyttar vi profesjonelle skodespelarar. Randolf Walderhaug skal inneha rolla som den vaksne Ole Bull. Men det største oppbodet av folk vert alle amatørane. Meir enn femti aktørar  frå heile Osterøy og Bergen skal vera med, inkludert brurefølgje med spelemenn og hesteskyss.

 

Spelet går føre seg på Ole Bull sin eigedom på Valestrand. Lille Osterø vert scene, og publikum sit benka i bakkane opp mot Bullahuset og vegen.

 

Vi kan alt no lova eit fyrverkeri av ei oppsetjing med lyd og lys, folk til fots og til hest, musikk av folkeleg karakter så vel som av klassisk eleganse.

 

Premiere på stykket er fredag 13. august, med forestillingar 14. og 15. august. Laurdag 14. august vert det før spelet opning av Kystsogevekene, med storfint besøk.

 

Bak oppsetjinga står ”Kulturdagnemnda i Osterøy”. Framsyninga er støtta av Kulturdepartementet, og inngår som eit av hovudarrangementa under jubileumsfeiringa av Ole Bull 2010.

Side-alternativer