|
|
Opptak til Ole Bull-speletNår vi om kort tid har passert nyttår, er vi inne i Ole Bull sitt jubileumsår. Den 5. februar 2010 er det 200 år sidan Noreg si første superstjerne blei fødd. Gjennom året vert det fleire markeringar. Høgdepunktet vert spelet ”Ole Bull- Fossegrimen på Valestrand” som skal setjast opp midt i august. Dette vert eit fyrverkeri av ei forestilling forfatta av dramatikaren Rolf Losnegård med over femti aktørar og meir enn tretti musikarar involverte. Hovudrollene skal spelast av profesjonelle skodespelarar. I rollen som den vaksne Ole Bull møter me Randolf Walderhaug, som har teaterutdanning frå New York University. Så skal det plukkast ut amatørar til å spela i om lag 30 roller, av desse er det vel 15 som har replikkar i stykket. Rollene er likt fordelt mellom menn og kvinner, og har eit alderspenn mellom 14 og 70 år. I tillegg kjem det til å vera bruk for 10 born i alderen 8 til 13 år.
9. januar vil det vera anledning å melda si interesse som deltakar ved å møta opp til ein såkalla audition, der regissøren for oppsetjinga, Torkil Sandsund, vil plukke ut folk til dei ulike rollene. Forfattaren og nokre av dei andre som er henta inn til forestillinga vil også vera til stades. For dei mindre rollene vil uttakinga gå føre seg som ein enkel og morosam teaterleik, der alle får vist seg på scenen. Ingen ting å kvi seg for, altså.
For dei som tykkjer dette høyrest interessant ut og som gjerne har lyst til å vera med i den største oppsetjinga som nokon gong har vorte gjennomført på Osterøy, er det berre å møta fram på Valestrand skule, gymnastikksalen, laurdag 9.januar klokka 13.00. Born under 13 år vil få fri etter om lag ein halv time, medan vi reknar med å halde på til rundt klokka 15.30 med resten av gruppa. Vi treng altså folk frå alle aldersgrupper, så det er viktig at mange vaksne også møter opp. Rollelista til stykket kan de finna på www.olebullspelet.no. Spørsmål i samband med dette kan de stilla til Kristoffer Foldøy, 47618124.
Side-alternativer |
