Personlige verktøy
« Mai 2012 »
Mai
MaTiOnToFr
123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031
 

Endringar i prøveplanen

Med bakgrunn i at det er koreografen Anne Bryhn som skal leie samlinga siste helga i mai, er det gjort enringar i prøveplanen.

 

 
Øvinga 29. og 30. mai på Valestrand skule vert begge dagar frå kl. 12.00 til 18.00. Det vil koma ein oppdatert timeplan for øvingshelga, for det kan henda at ikkje alle treng å vera til stades heile tida.

 

Leiar for samlinga denne gongen vert koreograf Anne Bryhn.  Ho har brei erfaringsbakgrunn frå store oppsetjingar, for eksempel musikalane ”Footloose”, ”Jesus Christ Superstar” ”Boogie Nights”, ”Hair”, ”Back to the 80`s”og ”Fame”. Ho har også jobba med produksjonar for NRK fjernsynet. For Carte Blanche i Bergen har ho hjelpt til som dramaturg.

 

Med Anne Bryhn på plass er dei viktigaste leiarane på instruksjonssida i spelet tilsette.

Anne sitt hovudfokus seinare i innøvingsfasen vert koreografi: Setja saman scenebileta der opptog, dansarar og folkemassar forflytter seg på arenaen. Anne Bryhn er utdanna ved Statens Balletthøgskule og ved Drama, teater og kommunikasjonslinja ved Høgskulen i Oslo, der ho no underviser. 

 

NB! Øvinga som var tillyst 05. og 06. juni går ut!

Side-alternativer