Personlige verktøy
« September 2010 »
September
MaTiOnToFr
12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930
 

Ole Bull – Fossegrimen på Valestrand

  • Ole Bull Tunet

     

Velkommen til historisk spel om Ole Bull på Valestrand, Osterøy! Området der Ole sprang rundt i feriane som barn og der han sidan bygde seg ein villa, vert arena for ei stor oppsetjing i august. Meir enn femti aktørar, amatørar og profesjonelle, born og vaksne, vert med på det sceniske. Over tretti musikarar vert involverte i framføringa. Dette vert eit fyrverkeri av ei forestilling, med brudefølgje, folk til fots og folk til hest, hardingfeler og musikk av Ole Bull som til no knapt har vorte framført!

Tidspunkt: 13, 14. og 15. august 2010 kl. 21.30

 

  • Rolf Losnegård – manus
  • Torkil Sandsund – regissør
  • Tormod Lindgren - scenograf 
  • Anne Bryhn - koreograf
  • Trond Korsgård – dirigent
  • Frank Windt – musikalske arrangement
  • Randolf Walderhaug i rollen som den vaksne Ole Bull
  • Jeanette Magnussen Kjær som Ole Bull si fyrste kone Felicité
  • Idun Losnegård som Ole Bull si andre kone Sara
  • Tormod Kleiveland som Fossegrimen

 

Billettar til Ole Bull-spelet kan du kjøpa på denne nettisda, på Oleana, Strandkaien i Bergen, på YX-stasjonen, og Kjellarn, Valestrandsfossen, på Osterøy rådhus og i bilettelt ved inngangen. Det er sein kveldsforestilling, og det kan bli kaldt, ver kledd etter været. Ta gjerne med sitjeunderlag.

Kontaktpersonar:

  • Rune Solberg 905 04 894 og
  • Kristoffer Foldøy 476 18 124
Side-alternativer